Fleire lærarstudentar utan karakterkrav
Kvar tredje elev på grunnskulelærarutdanningane som starta i haust, har fått dispensasjon frå karakterkrava.
Det vart i haust opna for opptak til dei femårige lærarutdanningane utan karakterkrav til studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket. 12 institusjonar fekk dispensasjon til å gjere dette, flest på grunnskulelærarutdanningane. Totalt møtte 3259 studentar, av desse vart 716 tekne opp utan karakterkrav.
Grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. trinn hadde størst effekt av dispensasjonsordninga: 363 studentar, eller 30 prosent, vart tekne opp lokalt, utan karakterkrav.
Lektorlaget har vore kritisk til at ein senkar krava for opptak til lærar- og lektorutdanningane.
For grunnskulelærarutdanningane for 5.–10. trinn møtte totalt 951 studentar. 306 av desse, eller 32 prosent, vart tekne opp utan karakterkrav.
Til lektorutdanningane møtte 858 studentar, og av desse vart 23 tekne opp utan karakterkrav. I tillegg møtte 251 studentar på lærarutdanning i praktisk-estetiske fag, der 24 fekk opptak utan karakterkrav.
Lektorlaget har vore kritisk til at ein senkar krava for opptak til lærar- og lektorutdanningane.
Krava på dei femårige lærarutdanningane har vore enten minst 35 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk, eller minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og matematikk.