IA-Avtalen

Sjukelønn i spel

Politikarane har vore forsiktige med å gå laus på sjukelønnsordninga, men no kan det vere ei stemningsendring.

Publisert

Avtalen for eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) er, med visse justeringar, 23 år gamal. Då han vart inngått, var målet å få ned sjukefråværet med 20 prosent. I staden er det gått motsett veg, og i andre kvartal i år var sjukefråværet på rekordhøge 7,1 prosent.

Dette slo direkte inn i statsbudsjettet, og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) slo alarm om at det rekordhøge sjukefråværet gir over 20 milliardar kroner ekstra i utgifter i årets statsbudsjett.

Avtalen går ut ved nyttår

Parallelt med dette forhandlar partane om ein ny avtale, sidan dagens avtale går ut ved nyttår. LO og NHO har gått i strupen på kvarandre etter at LO stilte ultimatum om at organisasjonen ikkje ville forhandle om ein ny IA-avtale utan ein garanti for at sjukelønnsordninga vert freda.

Venstre har opna for å kutte i sjukelønna, og no signaliserer også FrP at dei vil sjå på kutt i sjukelønnsordninga. Saka vert også diskutert i andre parti.

Vi er villige til å diskutere også det som er vanskeleg, og kan ikkje avvise kunnskapsinnhenting eller utgreiing om sjukefråværet, seier leiar av Akademikerne, Lise Lyngsnes Randeberg

Vil sikre ordninga

Akademikerne, som er vår organisasjon i forhandlingane, opnar for å få ei utgreiing om sjukefråværet.

- Vi er villige til å diskutere også det som er vanskeleg, og kan ikkje avvise kunnskapsinnhenting eller utgreiing om sjukefråværet. Vi må ta dette på alvor og gjere det vi kan, seier Lise Lyngsnes Randeberg, leiar i Akademikerne.

Ho seier vidare at auken i sjukefråværet er eit stort problem, både for samfunnet og for den enkelte.

- Vi meiner at vi må få alt på bordet. Det er uansvarleg å seie nei til kunnskap når vi har ei så stor samfunnsutfordring, seier ho, men legg til at hovudmålet til Akademikerne i forhandlingane er å sikre sjukelønnsordninga.

Powered by Labrador CMS