Statsbudsjettet: prioriter skulen!

Lektorlaget ber lokalpolitikarane ta ansvar og styrke fellesskulen.

Publisert Sist oppdatert

Fylke og kommunar varslar at dei slit med å tilby dei tenestene dei skal. Kommunar planlegg nedlegging av barne- og ungdomsskular, og fleire fylke planlegg å legge ned linjer eller vidaregåande skular.

Regjeringa foreslår 6,8 milliardar meir i frie midlar til kommunane og meir i frie midlar til fylkeskommunane.

- No må lokalpolitikarane ta ansvar og styrke fellesskulen. Lektorlaget jobbar for at kommunar og fylke skal bruke meir av dei frie midlane på skulane våre, seier Helle Christin Nyhuus.

Nytt kompetansehevingssystem

Regjeringa foreslår å endre kompetanseutviklingssystemet for dei som jobbar i skulen. Denne vil dei fase inn frå hausten 2025. Det er foreslått å redusere permisjon med lønn for å ta vidareutdanning frå dagens 37,5 prosent til 25 prosent for å ta 30 studiepoeng.

– Forslaget var 20 prosent, så vi er glade for at reduksjonen har blitt mindre, men det nye kompetanseutviklingssystemet er likevel ei forverring for lærarar og lektorar som ønsker vidareutdanning, seier Nyhuus.

Ikkje nye kompetansekrav

Regjeringa vil behalde det varige unntaket for kompetansekrav for alle lærarar som er tilsette før 2014.

- Dette betyr at dei ikkje innfører krav for undervisning i for eksempel praktisk-estetiske fag i grunnskulen. Dette heng ikkje saman med at regjeringa seier dei vil styrke dei praktisk-estetiske faga, seier Nyhuus.

Tilskot til rettleiing

Regjeringa foreslår også å utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar til også å omfatte vidaregåande opplæring.

- Dette er ei god nyheit for nyutdanna lektorar som startar yrkeskarrieren sin på ein vidaregåande skule, seier Nyhuus.

- Vi merkar oss elles at det framleis er ein intensjon frå regjeringa om ei tillitsreform, og å styrke partssamarbeidet lokalt. Våre lokale tillitsvalde må i større grad bli inviterte til samarbeid med skuleeigarane i utvikling av skulen, ikkje berre nedskjeringar og kutt, seier Nyhuus.

Powered by Labrador CMS