Statsråd ville ha råd
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkengard Hoel inviterte til seminar om kvalitet i og tillit til høgare utdanning.
Tonen vart sett av professor Bernt Hagtvet som slo fast at vi har hatt eit massivt kvalitetsfall i norsk akademia. Medisinen er full restaurasjon av ex.phil., portalen som skal gi danning, evne til å føre gode argument og skape ein kultur av saklegheit hos nye studentar. Han ville kutte ut heimeeksamenar, og gjenoppta seminartradisjonen der alle studentane må rekne med å bli stilt faglege spørsmål. Og meinte at vi må få heiltidsstudenten tilbake.
Tapte så det song
På seminaret elles var eitt av dei sentrale tema profesjonsutdanningane, og arbeidsdelinga mellom dei gamle universiteta og høgskulane.
– Då vi skulle diskutere kriterium for nye universitet, tapte vi så det song! Alle distriktspolitiske interesser reiste seg. Ingen i akademia deltok i debatten før det var for seint, sa Kristin Clemet, tidlegare kunnskapsminister og dagleg leiar i Civita.
Universiteta blir meir lik høgskulane og høgskulane blir meir lik universiteta. Det tener eigentleg ingen.
Ingeborg M. Bergem
Eva Grinde, kommentator i Dagens Næringsliv, peikte på at vi har eit insentivsystem som har gjort at alle ønskjer å bli universitet. Ho meinte det bør gjerast noko med dette slik at ein heller kan satse på profesjonsutdanningar med stoltheit og fagleg tyngde. Ho fekk støtte av Ingeborg M. Bergem, kommentator i Morgenbladet.
– Universiteta blir meir lik høgskulane og høgskulane blir meir lik universiteta. Det tener eigentleg ingen, sa Bergem.
Tvangsekteskapet
Hildegunn Slottmo, historikar ved Nord universitet, fortalte at Levanger var kjend for gode profesjonsutdanningar, og at dei var leiande i å utdanne sjukepleiarar og lærarar.
– Så fekk vi eit fornuftekteskap, eller tvangsekteskap, med Nord universitet. Mange slit med å sjå gevinsten. Eg kan ikkje sjå at kvaliteten har auka. Og studentane søkjer til større byar, sa ho.
– Vi får ikkje gode lærarar i framtida med nettbasert undervisning.
Hildegunn Slottmo
Slottmo stilte spørsmål om vi i dag har for mange like studiestader som konkurrerer om dei same studentane, og som underbyr kvarandre med mildare krav til oppmøte, mindre obligatorisk og meir nettbasert undervisning.
– Vi får ikkje gode lærarar i framtida med nettbasert undervisning, sa ho.
Overproduksjon av forskarar
Magnus Marsdal frå Manifest tok også opp utfordringane som ligg i arbeidsdelinga i sektoren.
– Det er ein overproduksjon av forskarar på profesjonshøgskular som krev å drive grunnforsking, og sit og ventar på å få søke seg til eit «ordentleg» universitet. Då er det ein mismatch mellom institusjonen sitt oppdrag og forskarane sine ambisjonar, sa han.
Tilliten
Statsråden stilte spørsmål om tilliten til UH-sektoren er intakt etter dei siste fuskeskandalane. Grinde uttalte at det kan svekkje tilliten at det ikkje finst ein standard for kor mykje juks ein kan sleppe unna med og likevel få A eller B på ein master.
– Og kva slags nivå er det på slike bindestrek-trendy samansette nye typar masterar? Store kvalitetsskilnader kan undergrave tilliten. At det er eit helt anna nivå på ein grad ved UiO, enn om du for eksempel tek ein grad i nord, sa Grinde.
– Det er nesten uråd å føre ein kunnskapsbasert debatt om norsk skule. Det verserer sju-åtte store hypotesar om kva som er problemet
Kristin Clemet
Sjå til skulen
Clemet meinte vi må ta innover oss at inngangskvaliteten på studentane har gått ned, og at vi må sjå ut over UH-sektoren for å løyse dette.
– Det er nesten uråd å føre ein kunnskapsbasert debatt om norsk skule. Det verserer sju-åtte store hypotesar om kva som er problemet. Før vi kartlegg problemet, og blir samde om kva som er tilstanden, kan vi ikkje føre rett politikk. Til slutt går det ut over universiteta også, åtvara Clemet.